Litt om meg

Vi treng ikkje sløse vekk ressursar på å kjøpe miljø-uvennleg råmateriale når vi allereie har det vi treng. Eg elskar å oppsirkulere – lage noko heilt nytt av noko utdatert, gi utbrukte ting eit nytt liv på eit «høgare» nivå.

For eksempel er trøytte gamle aviser eit perfekt råmateriale for store, monumentale lampar som lyser opp i kvardagen. Avdanka dameblad kan bli nye og friske lampeskjermar – eller stjerner på ein vegg og snurrig pynt på ein spegel. Gamle, utslitne møblar får nytt liv med litt stell og nytt stoff.

Kontakt meg gjerne om du har noko som treng nytt liv!

Vennleg helsing Ann Mattheeuws

Bruk om igjen, resirkulerer – og oppsirkuler!